Høljarast

Høljarast er best kjent for klippeklatringa si. Plassen er også kjent som "Tinton" eller "Dokkafeltet", men bygda heiter altså Høljarast. Ho ligg på kommunegrensa mellom Etnedal og Nordre Land kommune. Det er ein del is i området her på begge sider av dalen.

Kor er Høljarast?
 

 Klippeklatring i Jarberget (Headwall.com)

Klippeklatring i Madslangrudberget

 

Nordfrå (Bagn / Fagernes):

Køyr RV 33 sørover Tonsåsen. Du kjem etterkvart ned til Høljarast med bensinstasjon og campingplass. Det ligg ein foss rett opp for bensinstasjonen i venstre kant av Flaggsvaet (Madslangrudberget). Dei finaste fossane ligg på motsett side av dalen. Køyr då vidare forbi bensinstasjonen og eit par km til du krysser elva. Her går ein veg inn til venstre opp til Bruflat (sentrum i Etnedal). Ikkje køyr inn her. Køyr vidare ca 1 km, og ta av skogsbilveg inn til venstre (like ved skilt for Helleristningar). Køyr denne skogsbilvegen så langt du kjem (i vinter til han krysser ei stor kraftlinje). Du ser no fossane ligge i den bratte lia over deg. Sjølve berget heiter "Nørstebøberget".

Sør frå (Dokka / Gjøvik):

Køyr nordover RV33. Omlag ein km før Høljarast bru er det avkøyring til Helleristningar på venstre side. Omlag der tek det av ein skogsbilveg inn til høgre. Køyr opp denne og følgj han så langt han er brøyta (i vinter til han krysser ei stor kraftlinje). Du ser no fossane ligge i den bratte lia over deg. Sjølve berget heiter "Nørstebøberget".

Fossane her:

Det er tre markerte fossar og ein del mindre sig i Nørstebøberget. Den austlegaste er finast. Denne er klatra fyrste gong for mange år sida, truleg av ivrige isklatrarar frå Lillehammer.

Den nederste fossen.

ca grad 2-3 / 100 m

Følgj skogsbilvegen til du kjem opp til ei hytte. Gå då bratt opp i skogen ca 200 meter. Sjølve fossen er temmeleg slak bortsett frå to markerte hamrar. Denne fossen er sannsynlegvis den finaste måten å gå anmarsj på til den øvste fossen. Alternativet er bratt (30 - 50 grader) granskog.

Den øvste fossen.

Ca grad 3 / 170 m

Anmarsjen er anten frå toppen av den nedste fossen, eller å gå litt forbi hytta ved skogsbilvegen, også gå bratt opp lia (ca 200 høgdemeter). Det er klart å foretrekke å gå via den nedste fossen. Frå toppen av denne, gå omlag 100 meter opp, så følgj naturleg drag mot høgre til du står under fossen.

Sjølve fossen er brattast i starten. Ca 30 meter relativt bratt klatring, brattare jo lenger til høgre du startar. Vidare oppover er det koseleg og fin klatring i ca 150 m. Retur er enklast ned fossen via tre og / eller V-anker (abalakov).

Det er også ein foss litt lenger til venstre oppe på same platå som Den øvste fossen. Denne veit vi lite om, men han er truleg litt kortare og kanskje litt brattare.

Fossen ved Madslangrudberget (Flaggsvaet).

Ca grad 3-4 / ca 100 m

Fossen ligg i venstrekant av Madslangrudberget. Parker ved Finastasjonen. Anmars ca 15 min. Fossen har fleire bratte hamrar. Er ikkje issikker, kun eit sig. Lett tilgjengeleg foss, fin klatring og høg fesjåfaktor frå "Fina kafe".


Tilbake

Oppdatert 26.februar 2007 (flash-kart)