Hyllebekken

Bilder fra Hyllefossen / Hyllebekken

 

ca 70 m + 150 m. grad 3

Hyllebekken er todelt, ein øvre og ein nedre del. Øvre del er mest klatra. Frå Fagernes, køyr mot Beitostølen.

Øvre del:

Køyr opp ved Valdres auto / Eggums bakeri. Parker ved låst bom. Følgj skogsbilveg oppover i omlag 2-3 km. Gå forbi fyrste Hylle-garden, i svakt dalsøkk etter denne, ta av opp i skogen. Etter 100 m er du ved innsteget (ca 30 min). Fossen er brattast i toppen. Som regel svært issikker, men ei pest og ei plage etter perioder med mykje snø.

Retur: Gå sørover (retning Fagernes) frå toppen av fossen. Gå ned bratt, skogkledd li. Stegjern kan vere kjekt å ha om det er lite snø.

Nedre del:

Parker ved stasjonen til Statens vegvesen (rett før 60-sona sluttar). Gå rett opp lia, ca 15 min anmarsj. For å kome til øvre del, må du gå nokre 100 meter i skogen etter uttoppinga.

Retur:

Rappell via tre dersom du vel å snu etter å ha kome opp nedre del. Elles som for øvre.

Tilbake

Anna klatring rundt Fagernes:

Det ligg ein foss litt sør (til venstre) for Hyllebekken. Omlag same brattheit, men mykje kortare. Sjeldan klatra.

Tilbake