Leite

Ca 100-150m / grad 3-4.

Denne fossen er svært lett synleg frå E16. Ca 5 km sør for Bagn ligg han på motsett side av elva. Brei foss med bratt hammer i starten.

Fossen har først ein bratt hammar på kanskje 20-30 meter. Går så over i eit langt, isdekt sva. Fossen er brei, kanskje 50-60 m. Det vil vere muleg å klatre mange ulike linjer her avhengig av forholda. Artig topptauing m.m. Plass til mange taulag samstundes!

Retur:

Rappell ned fossen eller i skogen på sida av flåget.

Adkomst:

Vegval 1 (sørfrå): Køyr over hengebru ved Bagn bygdesamling. Parker ein plass i nærleiken av fossen, sannsynlegvis bør du spørje på ein av dei to gardane der om lov.
Vegval 2 (nordfrå): Køyr inn i Bagn sentrum. Ta av i krysset ved Statoil mot "Leirskogen" eller "Tonsåsen". Kryss Begna (elv), køyr forbi kyrkja i Bagn og ta første veg til høgre etter kyrkja (akkurat i botn av bakke). Følgj denne vegen i omlag 5 km, litt opp og ned langs med elva. Du kjem etterkvart til fossen.

Tilbake

Ajourført 05.01.03