Mugnetindfossen

Tilbake

Mugnetindfossen eller Mugnebottfossen er ein fin, enkel foss i storslagne omgjevnader. Sjølve klatringa er ikkje så vanskeleg, men fossen ligg høgt over havet og både ver og snøforhold kan gjere turen utfordrande nok. Finaste måten å gjere turen på er som ein alternativ måte å gå på Mugnetind. Ein får då fin utsikt, artig klatring og tilslutt ei fin nedkøyring på ski på ein og same tur. Du kan lese meir om sjølve Mugnetind her: http://www.etojm.com/Norsk/Topper/Toppbeskrivelser/Andretopper/Mugnetind.htm

Adkomst: Parker ved Skredbergo innst / øvst i Beito. Følgj Slettefjellvegen opp mot Fleinsendin. Vidare, gå anten via Mugnestølen og opp langs Mugna (elva) eller gå litt brattare opp dalsøkket rett sør for punkt 1346. Etterkvart kjem du opp til Mugnebotn. Den vanlege ruta på Mugnetind held no fram på dalen på sørsida av fjellet. Fossen ligg innerst i botnen over Mugnebottjernet. Totalt er det omlag 500 høgdemeter og 5-6 km å gå frå parkeringsplassen opp til innsteget. Kartblada GJENDE 1617 IV / VANGSMJØSI 1617 III i N50-serien til kartverket kan vere gode å ha.

Retur: Enklaste retur er ned fossen, eventuelt rundt fossen på nordsida via punkt 1490. Finaste "retur" er å ta skia med opp fossen og fortsette opp på Mugnetind etter klatringa.

Historie: Første kjente bestigning er av Leslie Ayres og Sveinung Råheim i 1993 eller 1994.

Karakter: Moderat isklatring - grad 2-3 i storslåtte omgjevnader.

Tilbake

Oppretta 15.03.2007