Foto: Lars Söder

Den innerste fossen

Ca 80 m / grad 4
Denne fossen ligg heilt innerst i Stavadalen. Fin foss med to bratte taulengder og god standplasshylle på midten.

Dersom det manglar / er tynn is på 1. taulengde er det muleg å miksklatre denne via "Valdresekspressen". Denne varianten (skotsk grad 4-5) gått for første gang? 29.12.2001. Bratt, men følgjer ei smal hylle som traverserer på skrå opp mot høgre. Ein del balanseopptak. Ender i ein fin skårsteins-formasjon som ved lite is utgjer det tekniske cruxet. Ålreit sikra (ta med eit par store friends (#3-4) eller hekser). 2.taulengde går rett opp i rein is (grad 4).

Retur:

Ned fossen eller ned til høgre for O'hoi.

Adkomst

Køyr til Reinli frå Bagn sentrum. Køyr til Stavadalen. Betal i bommen, parker ved brua over elva. Vass i snø opp til fossen, ca 15 min.


Tilbake

Ajourført 31.12.2001