Vassfaret

Nord i Vassfaret er det fleire flotte fossar i austveggen på Strøslifjellet. Fossane er omtala i Norsk Klatring midt på nittitalet av Leif Henriksen. Utover dette veit vi lite om historia til dei ulike fossane, men sannsynlegvis er dei fleste klatra.

Fossane ligg for seg sjølv! Det er lang anmarsj og langt å køyre. Dersom du takler det, får du fin isklatring heilt for deg sjølv inne i ei av dei siste "villmarkene" på austlandet.

Trykk på isøkssymbolet eller her for å få detaljkart over fossane.


Adkomst: 

Frå Oslo, ta av mot Hedalen (rv243) ved Nes i Ådal. Køyr 33,3 km retning Nesbyen (følgj hovedvegen). Du er då på Reset, her skal du ta av til venstre mot Strøen / Vassfaret.

Frå Bagn eller Fagernes, ta av til høgre ved Begnadalen kyrkje, skilta mot Hedalen. Køyr over Hedalsåsen (6,3 km) og ta til høgre når du kjem ned til hovedvegen gjennom Hedalen. Følgj vegen mot Nesbyen i 14 km. Du er då ved Reset og skal ta av til venstre mot Strøen / Vassfaret.

Frå Nesbyen / Hallingdal (rv7) ta av mot Hedalen ved Nesbyen stasjon. Følgj denne vegen i 31,4 km. Du er då ved Reset og skal ta av til høgre mot Strøen / Vassfaret.

Vidare frå Reset:
Betal kr 40 i bommen. Køyr 6,4 km på smal veg nedover til du er ved Strøsdammen. Fram til vinterferien (midt i februar) er vanlegvis berre dei fyrste 3 km brøyta.

Tilbake

Oppretta 10.01.2006