Bakkekollen nord for Nes i Ådal

Tilbake

WI5-6. Appr 100 m. 80-90 degrees. Often, this waterfall doesn't form properly. It is then a mix climb - WI 6 / M6+.

See the Bakkekollen album for dry tool climbing of this steep waterfall!

Ca 10 km nordover frå Nes i Ådal langs rv 243 retning Hedalen ligg eit svært interessant og ganske lite kjent berg med ein bratt, austvendt vegg på omlag 100 m. Midt i denne veggen dannar det seg av og til ei bratt, samanhengande islinje. Denne har hatt nokre få besøk og byr på utfordrande isklatring.

Adkomst: Køyr E16 til Nes i Ådal. Nes ligg omlag omlag midtvegs mellom Hønefoss og Bagn. Ta inn på rv 243 på Nes og følg denne i vel 10 km. På høgre side (nordsida) av vegen er fossen og veggen lett synlege. Det er nokre hus like ved vegen, spør pent om å få parkere bilen i nærleiken av dei. Opp mot fossen følgjer du ein traktorveg eit stykke før ein bryt av opp mot fossane. Rekn ca 30 minutt på anmarsjen.

Retur: Enklaste retur er anten å gå frå toppen og ned mot vegen att, eventuelt rapellere ned fossen.

Historie: Fossen er klatra av Øyvind Moss og Carlos Wagner på siste halvdel av 90-talet. 

Karakter: Fossen byr på bratt isklatring, sannsynlegvis WI 5 eller 6. Vel 100 m klatring. Ofte når fossen ikkje ned. Førstebestigarane miksklatra opp dei første metrane. Bortsett frå dette, ei heilt rå linje sentralt beliggande på austlandet!

Vakre forhold i Bakkekollen jula 2002. Foto Sveinung Råheim.

Tilbake

Oppretta 19.02.2007. Oppdatert 01.02.2011